søndag 13. oktober 2013

Bloppis for Størst av alt er kjærligheten

Foto: Dagmar Amalia



Ei av Renates nære venninner har starta ein bloppis til inntekt for Størst av alt er kjærligheten. Her kan du gjera kupp på flotte designer varer - og pengane går uavkorta til Størst av alt er kjærligheten. Har du alltid hatt ein hemmelig draum om å eiga ei Mulberry veske? Dette er ei nydelig skinn veske som vert finare og finare til meir du bruker den. Modellen heiter Alexa oversized og du finn den altså her om du vil sjå fleire bileter.



Foto: Dagmar Amalia



Eller er det kanskje helst nye ankelstøvelettar du er på jakt etter? Ja, då har du sjansen her, på samme bloppisen...! Her finn du nokre über lekre Christian Louboutin av leopardmønstra ponnihår. Desse er kun brukt to gongar, innandørs, og passar til føtter i storleik 39,5. For fleire bileter i ulike vinklar, klikk deg inn her.



Foto: Dagmar Amalia


Sidan me går mot vinterhalvåret så treng du kanskje også støveletter med høgare skaft? Kvifor ikkje slå til på desse snasne Acne støvelettane? Dei er fint brukte og dersom du bur i nærområdet kan du plukka dei opp på Randaberg. Det gjeld også dei andre varene. For fleire bileter av desse skjønnhetane så klikk deg inn på bloppisen her.

Lykke til! Håper at nettopp DU vert eigar av ein eller fleire av desse flotte varene.

Ha ein fin søndag!


Klem Eli

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar