Laurdag hadde eg ein lang samtale med Renate og Veronica, me
skulle oppretta blogg. Renate, sporty som få, hadde forberedt seg godt
og skrive ned mange av tankane sine. Namnet på bloggen hadde ho klart,
"Størst av alt er kjærligheten". Ein setning frå Renate, som verkelig
beit seg fast etter denne samtalen, var det handlar om å leva... Me
snakka om livskvalitet, ikkje berre å eksistera, men å leva (!!!). Renate bærer
med seg håpet om at den rette medisinen skal dukka opp. Den
som passar akkurat til ho. Enorm viljestyrke får Renate til å komma seg
opp av senga kvar dag, søken etter livskvalitet er målet.
Dei fleste som har lese bloggen, og som gjerne ikkje kjente Renate i frå før, har fått lære meir om ho gjennom innlegga. Ikkje minst via innlegget "Den Unike" frå venninna Dagmar (dersom du ikkje har lese dette innlegget så berre må du - det er fantastisk!!). Det som var tydelig på laurdag, og som eg ser i "Den Unike" også, er det totale fraværet av sjølvmedlidenhet. Faktisk brukte Renate humor, galgenhumor, for å understreka poeng i sin eigen situasjon. Ganske unikt! Ho er veldig tydelig på at det er ikkje aktuelt å la dei negative følelsane ta overhånd. Ho vitsa om då venninna Vibeke, utstyrt med hodelykt og speil, skulle hjelpa Renate med å setta kateter på eit offentlig toalett. Det var rett etter operasjonen og det var alternativ messe - og denne messa skulle faktisk Renate ha med seg. Ho var heilt avhengig av hjelp med kateteret. Så då var det berre for Vibeke å slå på lyset, få speilet i rett vinkel og trø til då!

![]() |
Foto: Renate |
Renate seier heilt
usentimentalt, og med klår røyst, at det er vanskelig om nettene. At når
alt kjem til alt så er ein aleine om dei vanskelige tankane. At det ho
opplever no er seigpining. Måten å døy på, ikkje det at ho faktisk skal
døy, men MÅTEN ho skal døy på, er seigpining... Renate framhever at
kjærleiken og omsorgen som dei næraste, og resten av omverda viser, gir
ho styrke. Ho har eit heilt enormt unikt fokus på det som er positivt,
eg må seia at eg finn det direkte eineståande, og eineståande
forfriskande. Ho slutter liksom ikkje å imponera.
Renate
set det å leva i perspektiv med sin viljestyrke, sitt mot og sin
tydelighet. Me rundt lyt berre ta det til oss og læra - for det handler
om å leva!!Så skru på hodelykta folkens, rett speilet og lev!
Klem frå Eli
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar