![]() |
Foto: Synne Gundersen Østgård |
Størst av alt er kjærligheten, representert av fantastiske Veronica, Lene og Synne, har vore til intervju hjå Øystein Ellingsen i Lokalen på NRK Rogaland i dag. Dersom du ikkje har fått høyra det enno så kan du gå inn her, det anbefales. Det var eit flott intervju, og me er så stolte av desse sporty damene!
![]() |
Foto: Synne Gundersen Østgård |
Tonen i intervjuet er så lett og fin, og damene svarar varmt og godt. Her får dykk høyra om bakgrunnen til bloggnamnet, og korleis Renate føler det i forhold til mobiliseringa til venner, familie, kjente, ukjente - og all den varme medmenneskligheten som vert vist. Veronica og Lene fortel om kor godt det er for dei å få lov å hjelpa Renate i denne vanskelige tida. Dei imponerar sokkane av oss ved å vera så veltalande på direkten!
Men eg trur kanskje dei var litt letta når dei var ferdige også? Eller kva trur dykk?
![]() |
Foto: Synne Gundersen Østgård |
Det er ikkje kvar dag ein vert intervjua på radioen, og i alle fall ikkje om slikt som ligg oss så tett på hjertet. Vel blåst damer!!
Eli
Knallbra! :-D
SvarSlett